Ulike ressurser om inkludering og tilrettelegging i skole og barnehage
I denne artikkelen har vi samlet ressurser om inkluderende opplæring i praksis. Ressursene viser at inkluderende opplæring ikke er én bestemt metode, men et kontinuerlig arbeid for å skape [...]
Det heile byrja med ei kort forteljing som heimelekse. Saman med læraren Roger starta dei å ta ut essensen frå forteljinga, og slik blei det eit fint dikt. I ettertid har det blitt mange dikt. Geir fortel at han brukar fantasien når han skriv dikt og hentar inspirasjon til skrivinga frå forskjellige tema som sommar, jul og vinter, men òg andre tema som t.d.romantikk. Til dagleg jobbar Geir på Coop Prix 3 dagar i veka og er 2 dagar i veka på dagsenteret Sanzibar. Elles er han ein mann med mange interesser som fotball og anna type sport, musikk, dans og ikkje minst å vere saman med kjæresten som bur i Volda. Han likar og å framføre dikta sine og har fått fleire anledningar til det siste åra. Geir gleder seg til juleavslutning på ressurssenteret då han og Roger Wagland skal opptre for over 100 personar. Geir les dikt medan Roger spelar keybord som stemningsmusikk til diktframføringa. Når eg spør Geir om kva framtidsdraumar han har, så berre smilar han lurt, men Roger fortel at dei har hatt nokre tankar om å lage ein cd der Geir framfører dikt med stemningsmusikk i bakgrunnen. Men dette er foreløpig berre på tankestadiet. Geir vil i alle fall forsette med å skrive dikt og kanskje han gir ut ei ny bok med dikta sine. Før eg reiser vidare får eg gleda av å høyre Geir lese dikt medan Roger set musikk til det. Her er nokre dikt henta frå diktboka til Geir.